Høgdepunkt:
Våren 2004 byrja vi med hesteriding som aktivitet for dei som ønskte dette. Dette vart svært populært og vi ville derfor utvida tilbodet.
På garden stod det eit gammalt verneverdig hus frå fyrste halvdel av 1800-talet. Dette ønskte vi å rehabilitera og kanskje på sikt få til å leiga ut.
Sidan idéen dukka opp og fram til no, har huset derfor vore under bearbeiding. Huset er totalrestaurert, men alt gamalt som var brukbart er nytta vidare og det framstår som i nærast origanal stand, som då det vart bygd.

Bildegalleriet vårt.Klikk her.
Vil du vera med på fjellturar,riding eller fotturar der kløvhesten ber utstyret.
Korte eller lange turar,ta gjerne kontakt.
Trygve tlf. 91735864 eller trygve@smiedal.no
Week-end i Åkra med riding,fotturar eller avslapping,be om tilbud
Turen kan bestillast til andre tider vis de har grupper på min. 8 pers.
Tur med kløvhest til Vikastølen kvar søndag i juli og august.
Påmelding hos aakrafjorden.no



| |
Garden:
Garden er eit småbruk og ligg i Åkra, ei lita idyllisk vestlandsbygd ved Åkrafjorden. 42 km frå Rosendal.
Du kjem hit med ferje frå Skånevik eller Utåker til Matre, eller langs vegen frå Omvikedalen.Frå Matre til Åkra er det omlag 15 kilometer.
Bygda har ca 200 innbygjerar.
På garden har det tidlegare vore drive allsidig jordbruk med mange dyreslag , som ku, sau,pelsdyr, geiter og hest. Pelsdyra og sauene er borte for fleire år sidan, no er her hestar,geiter,kalvar, kattar og hund.
For tida har me 6 hestar til riding. Har du eigen hest som du ikkje vil reisa ifrå i ferien kan du ta han med, leige etter avtale.
Bygda ligg med sjøen i sør og fjell i bakgrunn. Fjellet byr på eit godt og variert turterreng, frå dei lette turane inn til Vika- eller Åkrastølane til lengre turar inn mot Folgefonna.
Vinter i Smidal

Garpur med kløv Ingavatnet i bakgrunn
Åkra har og kafe`og pub,som ligg nede ved kaien. Her kan du treffe bygdefolk og tilreisande for ein hyggeleg prat.
.
.
----------------------------------------------------------------
Kveldstur til Vikastølen med hest,nyt kveldsstemningen i fjellet 550.- pr. hest med guide.

For leige av huset ta kontakt på tlf 91735864/53471346 eller trygve@smiedal.no
Be om pris.
Rideturar med overnatting i fjellet,flott terreng,krev ride erfaring.Vert arrangert etter avtale.
Meir info. får du ved å klikka deg inn på TURAR. Ta gjerne kontakt.
Julatre henting hos onkel i Smidal
|
Vi har mange aktivitetar:
|

Ta turen inn til Smiedal i Åkra og få med deg ein gardsferie du seint vil gløyma. Du bur i eit nyrestaurert, originalt hus frå 1800-talet. Vi tilbyr riding, fiske i elv og sjø, fjellturar med moglegheiter for overnatting i hytte og mange andre aktivitetar. -Og sjølvsagt er det råd å finna roen og bere slappa heilt av og nyta livet. Klokka går litt seinare her.
|
|
|
Gardsguten på tur.
----------------------------------------------------
 |
|
|
|
Barn og kalvar, begge er like glade i godt selskap.
------------------------------------------------------------------

---------------------------------------------------------------------------------------

To gode vennar.
|
|
|
Gardsguten har fiska på Vikastølen. |

Mange brukar hest til framkomstmiddel. |

|