BESTILLING HUSET PRODUKT KONTAKT OSS KART
|
Juniper Juniper er ein fjording på 13 år, han er roleg, likar å verta kläppa på, kan vegen til støls godt, er grei å ri, likar best og vera ilag med dei andre hestane. Juniper har vore hos oss i snart 8 år.
|
|
Geitene våre Bestanden er akuratt no to vaksene bukkar Håvard og Erling ein bukk fødd i mai, ei vaksen geit og ei lita geit fødd i mai, navna på dei to minste er Bjørnar og Bea. Geitene er svært tamme og likar godt oppmerksomhet.Om sommaren går dei på beite i utmarka kring bygda,det kan vera fint med ein kveldstur og sjå etter geitene. Me håpar og att det vert nye kje til våren. |
|
|
Tinto Tinto er ein kvit islandshest, vallak på 10 år + opprinelsen er litt ukjent, han har vore hos oss i 8 år Tinto er nok den hesten som tar ting rolegast av hestane våre men for att han skal gjera det du vil ,må du vera bestemt og visa kven som er sjefen. Han er stødig i fjellet og jagar du ikkje på, har han sitt eige tempo, han skjønar kva du vil men er ikkje alltid sikker på om han vil gjera det.
|
|
Kattane våre: Her er mange kattar, nokon er her heile tida andre er innom når det passar.Navna på er: Tusse Mikal, Lasse, Tøtto,Trulte, Sofus og Cormina.
|
|
|
Garpur Garpur er ein svart islandshest på 9 år, han kom til oss frå Etne . Garpur likar veldig godt¨å verta kosa med, han er og sjefen i flokken, og likar godt å gallopera. Garpur er ein hest du vert glad i.
|
|
.
|
|
|
Pinocchio Pinocchio er minstemann,ein sjarmerande men bestemt herremann, han er av rasen Welsh og 12 år, berre ein meter og atten høg. Pinocchio er svært grei i fjellet han går stødig og i sitt eige tempo. Han er ein barfothest som aldrig har hatt sko. Kan du ri så er han lett og få opp i fart, har ingen problem og halda dei andre hestane. |
|
.
.
|
|
|
Vira er den siste hesten som er kommen til gards ho er her på for.Ei fjorten års gammal hoppe,god å ri ,snill med barn og god i fjellet.
Andre dyr på garden
|
|
|
Highlander kalven fødd i september
.
Castor elghund