Ferie opplevinga.
,Jordene vert gjødsla igjen og lukta av møkk brier seg over bygda.Dette er ein hektisk, men vanlegvis kort periode. Har du lyst, kan det kanskje vera kjekt å delta.
Om sommaren og utover hausten går dyra på beite i utmarka. Ein kveldstur for å sjå etter dei,kan vera noko å vera med på. Geitene set alltid pris på litt godteri. Hestane kjem springande når dei høyrer mjølbytta og kalvane treng litt kos.
Sommaren går og det vert ein ny hektisk periode med andreslåtten. Dette er og ei fin tid for fiske i fjellet, eller berre ein tur til hytta på Vikastølen.
Hausten kjem, det byrjar minka på maten i utmarka og dyra må heim. Hjortejakta byrjar, det vert kjølegare og i slutten av oktober må dyra i hus for vinteren. Vinteren er vanlegvis ei roleg tid på garden.Stell av dyra, litt ved- og tømmerhogst og venting på våren med liv og røre.
Garden 
I Åkra finn du ro og fred. Klokka går litt seinare her. Bygda ligg sørvendt til sjøen og med fjell i bakgrunnen.
Fjellet byr på eit godt og variert turterreng, frå dei lette turane inn til Vika- eller Åkrastølane, til lengre turar inn mot Folgefonna. Fiske i fjellvatna er og bra. Her må ein ha fiskekort, men det er rimelig i pris. Vil ein letta turen til fjells, er det to skogsbilvegar ein kan kjøyra, mot å betala ei lita bomavgift.
Hyttene .
.
Jakthytta Haustdag på Vikastølen
Oppe på fjellet, på Vikastølen, tett ved to fjellvatn ligg eine hytta. Hytta er ikkje noko palass, ho er ca 20 m2, utan innlagt vatn eller toalett og har ein enkel standard.Ho ligg idyllisk til, like ved er gode fiske moglegheiter. Utstyr kan kløvjast opp etter avtale.
Området er svært barnevennlig.
For den som vil ha den fulle ro og stillhet er ei overnatting på jakthytta kanskje verd å prøva. Hytta ligg fint til, med flott utsikt over skog og fjell. Her går ikkje mange forbi, men du må ha svært små krav til komfort, hytta er ca 6 m2, låg under taket og du må liggja på golvet eller i hengjekøy..
Nede ved sjøen ligg naustet med ein liten kai, badeplass og 17 fots båt som kan leigast.
Aktivitetar.
Fjellriding:kveldsturar,dags og overnattingsturar. Riding i ridebane, eller bygdevegar, kanskje ein badetur med hest. Fisking i sjø, elv eller fjellvatn.Gå ein tur langs elv eller berre nyta elvasusen.
Det er og mogligheiter å ha sin eigen hest med, vi har ledige boksar.Informasjon får du ved å ta kontakt.
RIDETURAR.
Kveldstur som startar frå bygda kl. fire med oppsaling og litt instruksjon. Rideturen går oppover bygdevegen og over på ein skogsbilveg, denne følgjer vi i ca. 3,5 km lengde,
opp til 450 moh.Vi går deretter over i terrenget og følgjer ein gammal setersti,2,5 km, innover til Vikastølen 600 moh. Stølen ligg fint til ved eit lite vatn,er det varmt kan det vera fint med eit bad, eller ein tur med fiskestang. Turen opp tar ca. ein og ein halv time. Vel oppe salar vi av hestane og slepper dei på beite, mens vi sjølve slappar av med kaffi, steikjer pannekaker, grillar o.l. Når kveldsstemningen i fjellet kjem krypande salar vi opp og rir ned mot bygda. Turen tar 4-5 timar. Turen krev moderat ridekunskap.
. HJORTEJAKT
Vi kan tilby hjortejakt for grupper opptil fire mann i periodar der overnatting og kjentmann er innkludert
i prisen.Overnatting i gardshus av høg standar.
Vi kan og tilby dagskort der du kjøper deg plass på jaktlaget vårt.
Valdet har i år tildelt 4 bukkar 4 koller og 3 kalvar.
Området er ca. 5000 dekar med varierande vestlands terreng,det går ein skogsbilveg inn i området ca. 3 km, langs denne er det mange gode postar.
Overnatting i enkel lita skogskoie, strategisk plassert i området er og mogleg, eller stølshus av litt betre standar er og mogleg.
Jakta foregår eindel med postering, der vi set på eigna plasser med kikkert, eller og ved jag.
Kløvjing av utstyr inn til stølshuset er og mogleg.
Vil du vita meir så ta kontakt anten ved ein e- post eller ein telefon 91735864 trygve@smiedal.no
Bilde frå ridetur i fjellet
Ca 30 KM frå garden er det ein ny moderne skytebane med elektroniske skiver der det er mogleg og trena.
Litt om bonden sjølv:
Bonden er eigentleg berre delvis bonde;for det meste er han snekker, eigen næringsdrivande,som byggjer hus, resturerer gamle hus. Han er ein kløppar til og laga tre sverd, gevær og båtar med øks, fekk god trening i ung alder ved og hogga opp far sine beste materialer. Vil ein ha instruksjon, kan ein få den gratis.
Ellers kjøyrer han litt gravemaskin, skor hestar og passar ungar.
Ps. Han er og flink til og finna "gode grunnar til ein fjelltur".