.
Turar i 2010
Kløv tur frå Åkra til Eikemo.
Dette er ein fottur der hestane ber mat og utstyr inn til overnattings leiren.
Turen er med overnatting i lavvo inne i fjellet.Lavvoen har feltsenger.
Starten er frå ein skogsbil veg ca. 400 mho.
Vi går innover ein gammal stølsveg der folk og fe har ferdast i uminnelege tider.
På Åkrastølen tek vi pause, går så vidare mot Varaskard ca. 800mho,her opnar fjellet seg med utsikt heilt inn til Folgefonna.
Turen går vidare langs eit høydedrag, forbi små fjellvatn,og etter mange små stoppar og lunsjpause er vi inne ved Sandvatna der vi skal overnatta.Her vert det servert middag.Har du med fiskestang er det kansje råd med ein aure til kveldsmaten.
Vi set og ut garn og håpar på fisk til frukost.
Neste dag etter frukost må ein smørje niste for dagen, her snur hestekaren.De kan då legje att alt utstyr som de ikkje treng for turen til Eikemo,dette vert frakta tibake med kløvhesten. Ein går så vidare mot Eikemo.
Ferda vidare byrjar med oppstigning over Sandvasshorga,forbi Bjellandsvatna og viss veret tillet over Avaldsnuten 1245moh ,her vert det ein lang pause der vi nyt den formidable utsikten.To av turane i år går ned Skredalen,dette er ei litt lettare rute.
Det vert så ein lang nedstigning via til Eikemostølen,her ventar eit godt måltid før siste etappe mot fjorden og båtskyss,ein rib-båt slik att de får med fart og sjøsprøyt.
Dette er ein tur på ca.30 km,men med rimeleg god form skulle det gå greit,her brukar vi den tida vi treng,klokka brukar vi minst råd er.
Turleierane vert Geir Arne Eikemo frå Eikemo og Trygve Øvstebø frå Åkra,to godt vaksne karar med lang fartstid i fjellet.
Pris pr. pers. 2450.-
God tur.
Kveldstur til Vikastølen på hesteryggen.
Turen byrjar med oppsaling av hestane og enkel rideinstruksjon,ca. kl. 1600 rir vi oppover lia mot stølen.
Vi rir 3,5 km på skogsbilveg før det går over på den gamle stølsvegen innover fjellet mot Vikastølen.
Her salar vi av hestane og set dei i innhegning,får oss ein matbit,kaffi og nyt livet.
Kansje eit bad i stølsvatnet fristar eller ein tur med fiskestanga?
Vi let kvelden i fjellet komme og gløymer klokka .
Ridetida tur/retur er ca. 3timar,kor lenge utover kvelden du vil vera på stølen bestemmer du sjølv.
Aldersgrense er 12 år, men kan etter avtale ha med yngre, då med ein som leier eller har kontroll på hesten.
Vil nokon berre gå kan ein mot ei bomavgift på 50 kr. kjøyra med bil opp til der stien byrjar, det er då ca. 2,5 km i lett fjellterreng.
Pris pr. hest 600.-
FJORD FJELL FONN
Seks-dagars tur i vakre Vestlandsfjordar og fjell.
Opplev Sunnhordland og Hardanger
Stord-Åkra-Sandvatn-Eikemo-Sauabre-Buarbre-Odda-Åkrafjorden-Stord
Bli med på ein seks-dagars tur gjennom eit variert Vestlandsterreng.
Her får du med deg det meste av det Vestlandet kan by på.Du går ombord i ei gammal seglskute på Stord, seglar innover til Åkra og kan nyta Sunnhordlands vakre fjordar.
Frå Åkra går ein til fots over fjellet med kløvhest til Sandvatn,kløvhesten snur der og deltagerane vandrar vidare til den veglause garden Eikemo.Derifrå går turen innover Londalen, ein av dei villaste dalane på Vestlandet.Her kan ein sjå restar etter busetnad ved kanten av Folgefonna.
Ferda går så vidare, delvis over blåis og bre,før vi kjem ned til Odda og vert transportert attende til Fjæra og henta av seglskuta.
Vegviserane er lokale folk.Skipperen lærde nesten å segla før han kunne gå.Hesetekaren er frå bygda og kjenner fjellet etter tallause turar.Bonden som bur på den veglause garden Eikemo og kjenner utmark og fjell,og breføraren som har namnet etter ein brearm.
Hestekaren med Frankrikeheia i bakgrunn.
Ridetur til Sandvatnet,med eller utan overnatting.
Turen startar frå garden og går innover ein skogsbilveg,går så over på ein gammal stølsveg,gjennom eit trangt dalføre inn til Åkrastølen.Herfrå går turen opp mot opnare fjell og fine rideområde.
Ved Sandvatnet kan vi overnatte i lavvo,hestane vert då sett i innhegning på ei fin grasslette ned mot vatnet.Er vert bra kan vi herfrå ta ein kveldstur ut på ein fjelltopp der vi får ein flott utsikt over Åkrafjorden.
Dette er ein tur der du må ha eindel rideerfaring,effektiv ridetid inn til leiren er ca. 4,5 timar.
Leiren ligg på ca.800moh,men på veg inn er vi oppe i 900moh.
Pris 1200.- pr. hest
På veg inn mot Sandvatn
Vira med Sandvatnet i framgrunn
Kveldsmat ved Sandvatnet
Spesiallaga turar for grupper o.l. kan vi laga på forespørsel.
Ta kontakt med Trygve på 91735864 eller trygve@smiedal.no