SMIEDAL AKTIVITETSFERIE

 

Heim    Dyra    Huset    Om oss    Kart    Kontakt oss    Bildegalleri    English

 

JUNIPER

Juniper er ein fjording på 13 år, han er roleg,

likar å verta klappa på, kan vegen til støls godt,

er grei å ri, likar best å vera ilag med dei andre

hestane. Juniper har vore hos oss i snart 8 år.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

TINTO

Tinto er ein kvit islandshest, vallak på 10 år +.

Opprinnelsen er litt ukjent, men han kom til oss for 10 år sidan. 

Tinto er nok den hesten som tar ting rolegast av hestane

våre men for att han skal gjera det du vil , må du vera

bestemt og visa kven som er sjefen. Han er stødig i fjellet

og jagar du ikkje på, har han sitt eige tempo. Han skjønar

kva du vil, men er ikkje alltid sikker på om han vil gjera det.

 

 

 

 

 

GARPUR

Garpur er ein svart islandshest på 9 år, han kom

til oss frå Etne. Garpur likar veldig godt¨å verta kosa med.

Han er og sjefen i flokken og likar godt å gallopera.

Garpur er ein hest du vert glad i.

 

 

 

 

 

 

 

 

PINOCCHIO

Pinocchio er minstemann, ein sjarmerande men

bestemt herremann. Han er av rasen Welsh og

12 år, berre ein meter og atten cm høg. Pinocchio er

svært grei i fjellet, han går stødig og i sitt eige

tempo. Han er ein barfothest som aldri har hatt

sko. Kan du ri så er han lett å få opp i fart, har

ingen problem å halda tritt med dei andre hestane.

 

 

 

 

 

 

 

 

HIGHLANDER KALV

Dette er ein spesiell rase som bur ute heile året,

også i sprengkulde. Sjølv om dei kan sjå skumle

ut er det rolige og godmodige dyr som likar seg

godt i liane rundt Åkra. 

 

 

 

 

 

 

 

 

GARDSKATTEN KNUT

Knut si oppgåve på garden er å halda det mus-

og rottefritt, noko han klarar med glans. I tillegg er han glad

i varm melk og fersk fisk.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

ELGHUNDEN KASTOR

Eit heilt sentralt dyr på garden. I tillegg til å vera ein aktiv

hjortejeger er Kastor ofte med på fjellturar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

www.smiedal.no © 2003 • Copyright • webansvarlig: Elin Øvstebø Birketvedt