Hestane
Guro og Garpur
Maria og  Garpur
IMG_3568 (2)
IMG_3515 (2)
IMG_8071
garpur2_edited2

GARPUR

 Garpur er ein svart islandshest på 20 år, han kom

til oss frå Etne. Garpur likar veldig godt¨å verta kosa med.

Han er og sjefen i flokken og likar godt å gallopera.

Garpur er ein hest du vert glad i.


Zena
Trygve og Zena_edited2

ZENA

 Nordlandshoppe, fødd i 2000.

Veldig grei på tur og flink til å gå i fjellet. Veldig behagelige bevegelsar og dermed god å sitje på.


Meg og Shiney 2
IMG_2163
liv_edited2
Meg og Shiney

NICE AS SHINEY kallast berre Shiney:

 Amerikansk Quarter fødd i USA i 2004

Topptrent konkurransehest i sporten reining (westernriding). Vi har vunne mange 1. plasser med han. Han har konkurrert i heile Skandinavia.

Han er utrulig snill, det finst ikkje noko vondt i han, Brukast også i terapiriding.


To på Døkkvi
Madeleine og Døkkvi.2_edited1

DØKKVI

Han er hesten til nabojenta. Ein veldig kjekk hest. Veldig snill og kosete. Han kan vera litt rampete og iblant stoppe for å ete, men ingenting vondt i han. 

Julie og Fleigur 3
Iselin og Fleigur_edited1
Fleigur 2
hestogunge

FLEIGUR

 Fødd på Vestmannaøyar i 2002.

Ganske stor til å være islandshest.

Er femgangar og brukt eindel i dressur.

Er veldig snill og grei. Ingen sjefshest, men likar seg litt bak i rekka.


Ingvild og Pinocchio
IMG_6066_edited2
Amalie og Pinocchio_edited1
Pinochio på Vikastølen
Mikal

PINOCCHIO

 Pinocchio er minstemann. Ein sjarmerande, men

bestemt herremann. Han er av rasen Welsh og

fødd i 1996, berre ein meter og atten cm høg. Pinocchio er

svært grei i fjellet, han går stødig og i sitt eige

tempo. Han er ein barfothest som aldri har hatt

sko. Kan du ri så er han lett å få opp i fart, har

ingen problem å halda tritt med dei andre hestane.


TIRION

Han er ein Welch ponny som er her om sommaren. Ein veldig enkel hest å ri, roleg og grei.

Glitra med hodelag
Mikal og Glitra

GLITRA

Ho er ei islandshoppe. Kan mykje dresur og er naturtøltar.

Krev ei fast hand når du rir. For dei som har litt rideerfaring er ho ein kjempehest.