Utflukter


                                           Baroniet i Rosendal.

Baroniet i Rosendal er det einaste baroniet i Norge og vart oppretta i 1678. Det ligg ca ein 45 minuttars kjøretur frå Åkra. Det ligg vakkert til i flott vestlandsnatur med ein nydeleg renesansehage. Hagen er bygd opp over fleire hundre år så her kan du oppleva 300 år med hagehistorie. Her vert det ofte arrangert konsertar og arangement. Mange kjente artistar tar turen hit. I sommar kjem blant anna Solveig Kringlebotn, Sondre Lerche, Maria Mena og Sissel Kyrkjebø. Meir informasjon finn du på nettsida deiras.

Meir informasjon HER


                                                                          Trolltunga

I underkant av to timer tar det å kjøre til Skjeggedal som er utgangpunktet for ein av Hardangerviddas mest spektaktuære dagsruter.

Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet, tar 10-12 timar (totalt 23 km t/r) og høgdeforskjellen er ca. 900 m. Det er ein lang og krevjande tur. Det går T-merka sti frå parkeringsplassen i Skjeggedal til Trolltunga. Undervegs er det skilt som viser distansen du har gått og kor langt det er att. Trolltunga er tilgjengeleg frå omlag midten av juni, avhengig av når snøen smeltar, til midten av september. Det er viktig å vurdere om ein er i god nok form og har godt nok utstyr før ein startar turen. Det er 4G-dekning med Telenor og naudnett undervegs. All naturbasert aktivitet er på eige ansvar. Det er viktig å ha gode fjellsko, ta med ekstra klede og vere førebudd på dårleg vêr. Ta med kart og kompass, rikeleg med mat og drikke, lommelykt og enkelt førstehjelpsutstyr.


Meir informasjon HER

Bondhusdalen

Frå Åkra kan ein køyre inn til Sundal. Det tar ca ein time. Herifrå er det ein flott tur opp til Bondhusvatnet/breen. Inn til vatnet er det god grusveg, eigna for barnevogn og sykkel. Også eigna for kjørbar rullestol. Deretter ein god sti, men her vil du trengje støvlar da det ofte er fuktig.

Bondhusvatnet ca 2-timar tur retur. Går ein heilt opp til breen tar det ca 4 timar tur retur.

Dette er ein lett flott tur som alle kan ta. 

Mer informasjon HER

Buarbreen & Folgefonna nasjonalpark