SMIEDAL AKTIVITETSFERIE

 

Heim    Dyra    Huset    Om oss    Kart    Kontakt oss    Bildegalleri    English

  

_____________________________________________________________________________________    

 

OVERNATTINGSTUR TIL EIKEMO                                                        

Dette er ein fottur der hestane ber mat og utstyr inn til overnattings leiren. Turen er med overnatting i lavvo inne i fjellet. Lavvoen har feltsenger. Vi går innover ein gammal stølsveg der folk og fe har ferdast i uminnelege tider.

På Åkrastølen tek vi pause, går så vidare mot Varaskard ca. 800 m.o.h, her opnar fjellet seg med utsikt heilt inn til Folgefonna. Turen går vidare langs eit høydedrag, forbi små fjellvatn,og etter mange små stoppar og lunsjpause er vi inne ved Sandvatna der vi skal overnatta.Her vert det servert middag.Har du med  fiskestang er det kansje råd med ein aure til kveldsmaten. Vi set og ut garn og håpar på fisk til frukost.

Neste dag etter frukost må ein smørje niste for dagen, her snur hestekaren.De kan då leggja att alt utstyr som de ikkje treng for turen til Eikemo, dette vert frakta tibake med kløvhesten.  Ein går så vidare mot Eikemo.

Ferda vidare byrjar med oppstigning over Sandvasshorga, forbi Bjellandsvatna og viss veret tillet over Avaldsnuten 1245moh, her vert det ein lang pause der vi nyt den formidable utsikten.

Det vert så ein lang nedstigning via  til Eikemostølen, her ventar eit godt måltid før siste etappe mot fjorden og båtskyss, ein rib-båt slik at de får med fart og sjøsprøyt.

Dette er ein tur på ca.30 km, men med rimeleg god form skulle det gå greit, her brukar vi den tida vi treng, klokka brukar vi minst råd er.

Turleierane vert Geir Arne Eikemo frå Eikemo og Trygve Øvstebø frå Åkra, to godt vaksne karar med lang fartstid i fjellet.

Kontakt oss for meir informasjon om prisa og tidspunkt.

www.smiedal.no © 2003 • Copyright • webansvarlig: Elin Øvstebø Birketvedt