SMIEDAL AKTIVITETSFERIE

 

Heim    Dyra    Huset    Om oss    Kart    Kontakt oss    Bildegalleri    English    

  

 

_____________________________________________________________________________________ 

 

5-DAGARS TUR

Denne fem dagers turen er laga spesielt med tanke på erfarne ryttarar. Her vil vi ri i ulendt terreng, i skog, li og på fjell. Her kan ein verkeleg få oppleva den heilt unike vestlandsnaturen.

 

Dag 1. Slettafjellet. Vi rir opp frå Smiedal om morgonen til Slettafjellet. Ein tur på ca 8 km. Det er ei ganske grei løype å ri, og oppå fjellet rastar vi og nyt utsikten. Vi går ned at til garden om kvelden.

 

Dag 2. Gammal postrute. Vi rir ut frå bygda Åkra og vel den gamle postveien som går i liane ut frå bygda. Her gjekk postmannen dagleg i tidlegare tider,, og vi vil på denne turen gå forbi mange flotte utsiktspunkt og høyra mange gode historiar og skrøner frå gamle dagar. Tilbake til Smiedal om kvelden.

 

Dag 3. Sandvatnet m/overnatting. Denne leiren ligg ein dagsmarsj frå Åkra inne i fjellet. Terrenget er variert og krev sin ryttar. Oppe i fjellet får vi utsikt over heile fjellandskapet, vi ser Folgefonna og vi ser utover mot havet. I vatnet er det mykje fisk. Vi slår leir i lavvo og nyt roen i fjellet over eit godt måltid.

 

Dag 4. Sandvatnet. Vi går turar i det storslåtte fjellområdet.

 

Dag 5  Heim. Om morgonen pakkar vi saman leiren og dreg ned att til bygda.

 

Kontakt oss for meir informasjon om prisar og tidspunkt.

 

www.smiedal.no © 2003 • Copyright • webansvarlig: Elin Øvstebø Birketvedt