SMIEDAL AKTIVITETSFERIE

 

Heim    Dyra    Huset    Om oss    Kart    Kontakt oss   Bildegalleri  English

  

I den vesle bygda Åkra i Sunnhordland, finn du garden Smiedal.  Eit perfekt utgangspunkt for å oppleva den storslåtte vestlandsnaturen i området rundt Folgefonna.

 

Vi kan tilby rideturar, kløvturar,  overnatting i lavvo eller hytte,  fisketurar i fjellvatn og fjord, tradisjonsrik mat,  mange andre aktivitetar tilknytta garden og gardselva.

 

_____________________________________________________________________________________ 

 

TUR TIL VIKASTØLEN

Opplev den spesielle stemninga når sola går ned i fjellet. Les meir

 

 

 

 

OVERNATTINGSTUR TIL EIKEMO

Kløvtur frå Åkra til Eikemo. Dette er ein fottur der hestane ber mat og utstyr inn til  overnattings-leiren. Les meir

.

 

 

SMÅTURAR MED HEST

Spesielt tilpassa ungar. Turen går til ein lavvo ca. 2 km frå garden. Her fyrer me opp bålet.

Les meir

 

 

 

5-DAGARS TUR FOR ERFARNE

RYTTARAR

Opplev fjell og toppar, fjord, gamle postruter og krevande løyper. Les meir

 

 

 

SKREDDARSYDDE TURAR

Vi kan og laga andre opplegg enn det vi har i dei faste turane.Det er ei rekkje aktivitetar du kan velgja mellom.

Les meir

 

 

 

 

 

SMIEDAL GARDSHUS

Huset er eit typisk vestlandsk gardshus frå 1860 talet, med ein og ein halv etasje. Huset ligg idyllisk og lunt til, ca 30 meter frå ei elv med laks og sjøaure. I fint sommarvér er elva fin å bada i og kansje dykka ilag med auren og laksen. Barnevenleg område rundt huset. Les meir

 

 

HESTANE OG DEI ANDRE DYRA

Vi har åtte hestar på garden som alle vert nytta til rideturar. Tre islandshestar, ein fjording, ein nordlanshest og ein welsh mountain horse. Sjølvsagt er det og andre dyr på garden. Les meir

 

 

 

 

 

www.smiedal.no © 2003 • Copyright • webansvarlig: Elin Øvstebø Birketvedt